Hugsar du Sonja Hennie, skøytedronninga ? Då er du ialle fall 50 ;) Det var nok ho som låg i bakhovudet... då kunstløpskøyter stod på ynskjelista.. Eg vart lukkeleg eigar.. og det var berre å gå i gang. Det var is på den tida om vintrane.. og vatnet var innan rekkevidde. Fekk alvorlege advarsalar med på vegen.... elvemunningane... Hugsar isen lagde skumle drønn... han fraus då vart det sagt...og det kom store sprikker....nedover. Eg snubla og eg datt(sjå skotuppane) .. og vart meir enn iskald..og aldri skøytedronning av betydning. Eg hadde det kjekt.. fekk herlege minner... og konkurransemenneske har eg aldri vore.No prydar og minner dei meg ...om svunnen tid. Ser ikkje ikkje bort frå at dei kjem til å pryda mine unedersottar att.... om berre isen er tjukk nok...
Eg er så heldig å ha ein klubb til inspiarsjon... Difor navnet "Inspirasjonsklubben". I over 25 år har me inspirert kvarandre....Kvar samling er like kjekk... og det er eit herleg felleskap . Me har hatt mange store oppdrag opp gjennom tida. Bryllaup.. store runde dagar,kommunale festar, konsertar mm. Innimellom, og alltid, dekorerer me hjå oss sjølv... ute, og eller inne.. til alle årstider og til fryd for eiga auge... og for dei andre rundt oss. Me har ulike utrykksformer alle fire, men me er trygge på kvarandre... og samarbeider svært godt. No er det tid for å møtast..og la oss gje/henta nye tankar / idear...og la dei få den drakta me kvar enkelt vil gje dei etterkvart.
Alltid gøy å pynta bordet for klubben min. Prøver gjerne ut noko eg aldri har laga før og ... lar dei få vera prøvekaninar ;)