søndag 26. april 2009

Butikkane.

























































































































Overalt. Store, og små. På gatene, under gatene.....Pengane tok litt tid å bli kjendt med.. 10000won =50kr. Men etterkvart gjekk det som ein leik ;)

fredag 24. april 2009

Kontrastar.




Livet er fullt av kontrastar. Det var ikkje lett å vera på andre sida av jorda, og veta at min kjære mann,skulle vera åleine med ei tøff oppgåve. Svigerfar var sjuk, innlagt på sjukehus, med store sjansar for å dø, me i Asia.....Me nådde han. Han var letta og glad for at me endeleg kom... Me fekk sagt han at me var glad i han, sjølv om ikkje det var noko nytt....Vera med han, ta han i handa, stryka han, sei takk. Takk for alt me har hatt ilag. Takk for den besten han var. Han gav vidare ei sterk tru på at noko godt venta han. Eldste dottera vår tok ansvar. Gjorde han reiseklar. Strauk besteskjorta til besten......Besten vår sovna trygg inn natt til tirsdag 21 april.Me hadde ei god stund ved båra.Det er berre 8 mnd sidan min kjære pappa døydde. Me er heldige. Dette er livets gang. Me har vore spart for brå død og ulukker. Døden er ein ven av og til. ein befriar.Signa minnet!

torsdag 23. april 2009

Korleis eg har hatt det?





























Det klarar eg nesten ikkje finna ord på, korleis eg har hatt det i Korea...Så mange inntrykk, på så mange plan.Aller størst var det å få oppleva dette vakre landet, og det venlege folket, saman med tantejenta mi.Det skal eg gøyma og ta godt vare på i hjata mitt.







Me var der på eit perfekt tidspunkt. Magnoliatreet stod i knopp....falda seg ut i all sin prakt,og det heile var over på ei veke. Forsythia, Asalea, Syrin, og ikkje minst kirsebærtrea...villt overalt kontrollert og ukontrollert i allear, og oppetter åssidene..Det kjem til å vera tema lenge i bloggen min dette, etterkvart som eg får opp opplevingane... bilder har eg /me rikeleg av......

Ei ubeskriveleg reise!


























































Det var spennande korleis maten smakte....Den var i hovedsak lite salt eller søt. Mykje salatar og råkost, sterke dippar. Tøffast var eg den dagen eg åt levande blekksprut, på det enorme fiskemarkedet...det var forresten overvekt av vestlendingar rundt prøvebordet..... Så tøff at eg seinare same dag i Pusan åt snegl.....








onsdag 22. april 2009

Full av inntrykk!






















Ein ørliten smak av fleire tusen bilder.......