søndag 31. mai 2009

Å hjul med dine gleder!

Ein lukkeleg dag, ei fantastisk årstid!




Reine terapien dette....




Stabbesteinar vekkjer barndomsminner......








Vakre bjørkelegger ved Toskevatnet.









..stål i ben og armer....







Har du sett så vakkert? Ved målet....






Vakkert her i fjordane våre!






Å den som var en løvetann......







God stemning...









Nostalgiske tunnellar... laga med handemakt!









Ytterste pynten av Osterøy, mot nord
















Å hjul med dine gleder!


To hjul... to bein.... det er alt som skal til... Då kjem du der du vil.....På vegen kjenner du lukt, høyrer lyd...og får berøring av varm, eller kald vind , alt etter som.....Denne dagen vart lukkeleg! Må tilstå det var ein av mine lengste sykkelturar... over to mil... Det er eigentleg ikkje så langt, men det tar tid når fotoapparatet er med ;) Eg er heldig,har ein som legg opp gode opplevingar for meg/oss... Då er det berre å sei ja takk, og trakka i veg! Dette kan anbefalast!







tirsdag 26. mai 2009

Perler på, eller langs ei snor!


Afrikanske handlaga perler på ei snor! Eit av mine yndlingsmykker!


Perler på klessnora mi ein regntung dag.....

På eit gjerde....




...ei stang.....


..... eller langs ei snor.....



"Da klokka klang..... "Du hugsar den? "Vi stod som perler på ei snor....

søndag 24. mai 2009

Blonder langs vegen ;)

Eit kunstverk....nuppereller?
Luftig.

Dekorativ.



Bøyeleg...



Lite kravstor...





Eit vakkert syn!



Dei er her i år og...heldigvis....alt er i rute. Hundekjeks, honnsløkja (min dialekt ), eller blondeblomst! Dei dekorerer vegalino (og min dialekt ;) og på ein regnværsdag legg dei seg utover, og stryk deg så fint.... Det er ugras seies det, veit det, men det er og ein luftig liten blondeblomst ;)

onsdag 20. mai 2009

Festspela i Bergen opna!

Ser fosynemeg navnet mitt fleire plasser i dag i byn ;)

Sjølvportrett.....


No er det oransje blitt blått!

Ikkje i slekt, men tøfft likevel! Glad eg har jentenavnet mitt ;)






Mange har venta lenge no!





Me venta dei kongelege kl 12.30, og dei skuffa oss ikkje.




Nyleg regna.












Det er like sikkert,
den slår ut i full blomst kvart år, til ære for festspela, og alle oss rundt!

mandag 18. mai 2009

Prikken over ièn!
















Om den er aldri så spesiell, så har eg bestemt meg for å skaffa meg den, og bruka den! Hua, kysa, eller hovudplagget til sunnfjordbunaden min! Det kjem vel med eg gjer som eg sjølv føler for for i heimen seier dei litt av kvart for å stoppa meg(?) " Det er mykje ein skal venja seg til"eller:Du ser ut som Snusmimriken(?) i Mumidalen ;)

lørdag 9. mai 2009

Skiftande skydekke...






















Det er mai, og været er ufyseleg kaldt om dagen! Kuling i kasta, og lynet slår ned..Innimellom må solbrillene fram. Aprilvær i mai....Det er omkamp.. Men lyset, det energigivande lyset er her! Takk og pris! Tenk om det ikkje kom ein gong.......

søndag 3. mai 2009

Norge mitt Norge, i mai!














































Det er vakkert landet vårt. Akkurat no utruleg vakkert. Difor reiste me ein tur, til grøne ville varierte Sogn og Fjordane.Det går føre seg ei forvandling, nesten frå time til time...Ei nyting for sjela.Så god plass me har!Me bur i eigne hus, mange stader med god plass rundt. Det er ikkje det minste rart at utlendingar er overgitt. Eg har nett sett kor trongt andre bur, oppå kvarandre i små krypinn....Mai med lys og fargar, lam og gyllelukt....Sikre teikn....