fredag 3. februar 2012

Draumen om Sonja Hennie....






Hugsar du Sonja Hennie, skøytedronninga ? Då er du ialle fall 50 ;) Det var nok ho som låg i bakhovudet... då kunstløpskøyter stod på ynskjelista.. Eg vart lukkeleg eigar.. og det var berre å gå i gang. Det var is på den tida om vintrane.. og vatnet var innan rekkevidde. Fekk alvorlege advarsalar med på vegen.... elvemunningane... Hugsar isen lagde skumle drønn... han fraus då vart det sagt...og det kom store sprikker....nedover. Eg snubla og eg datt(sjå skotuppane) .. og vart meir enn iskald..og aldri skøytedronning av betydning. Eg hadde det kjekt.. fekk herlege minner... og konkurransemenneske har eg aldri vore.No prydar og minner dei meg ...om svunnen tid. Ser ikkje ikkje bort frå at dei kjem til å pryda mine unedersottar att.... om berre isen er tjukk nok...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar