mandag 20. februar 2012

Toilette


Eit pittelite handkle til gjestane var det eg kom heim med i dag ..
frå Gjenbruk . Brukar den som duk eg ;)

torsdag 16. februar 2012

Gjenbruk.




Du kan finna mykje spennande på Gjenbruk og Fretex.
Eg er i prosessen.... korleis vil eg bruka denne ? Den skal
få stå ute i regn og vær og bli rustikk. Eg likar det.
Har mine tankar og idear.... må berr la dei modna seg litt.


lørdag 4. februar 2012

Fargar i snø.














Det er ikkje ofte eg går tur utan kamera over ryggen. Heller ikkje i dag. Veit aldri kva som fangar min oppmerksomhet. I dag vart det dette.

fredag 3. februar 2012

Draumen om Sonja Hennie....






Hugsar du Sonja Hennie, skøytedronninga ? Då er du ialle fall 50 ;) Det var nok ho som låg i bakhovudet... då kunstløpskøyter stod på ynskjelista.. Eg vart lukkeleg eigar.. og det var berre å gå i gang. Det var is på den tida om vintrane.. og vatnet var innan rekkevidde. Fekk alvorlege advarsalar med på vegen.... elvemunningane... Hugsar isen lagde skumle drønn... han fraus då vart det sagt...og det kom store sprikker....nedover. Eg snubla og eg datt(sjå skotuppane) .. og vart meir enn iskald..og aldri skøytedronning av betydning. Eg hadde det kjekt.. fekk herlege minner... og konkurransemenneske har eg aldri vore.No prydar og minner dei meg ...om svunnen tid. Ser ikkje ikkje bort frå at dei kjem til å pryda mine unedersottar att.... om berre isen er tjukk nok...