søndag 30. august 2009

Kunst, kultur og idealistane.

Kopi av gamal handtein....

Spinning på handtein.



Så sant!





Så bra med idealistar!



Likar dette eg...





Veteranbåtane våre, som har gått i fjordane her med folk og fe.....



Det ville vore trist om ikkje me hadde idealistar, dei som ikkje har som mål å verta rike på pengar. Me har så mykje å ta vare på , og å føra vidare, av dei som har gått føre oss!Me blir pånytt minna om at folk kunne noko før i tida og... utan alt me har gjordt oss avhengige av... Som handteina, som skaffa tråd til alt strikk, og vevnad...den gjekk nok i halvmørkna, medan vogga gjekk i takt....

lørdag 29. august 2009

På oppdrag.

Ser du teddybjørnen?


Berre å ta føre seg....


Ville epler eignar seg !



Det beste som finns....




Veit ikkje kvar eg skal bruke dette enno..






Eg har ikkje ord, det er berre harmoni...







Ferdig villepleoppsats!







Ville ha innslag av blått til vesleguten.






Klart for levering;)










Værsågod!










Han vart overbeigstra skal eg sei deg!











Fyllt av glede over livets under
med et nyfødt barn i våre hender
kommer vi til Deg som gav oss livet.
Det som skjer i dåpen gir oss trygghet.
Svein Ellingsen








Eg har fått ein forespørsel. Dekorere til barnebarnet sin dåp. Ei ære! Eg takkar ja.... hausten er full av modne bær og vakre fargar. Eg har storkost meg i fleire dagar! Stått ute i høljevatn..... No har eg levert produktet, fått godkjent.... eg kan reisa heim og kvila på mine..... rognebær ;)

torsdag 13. august 2009

Prikkete gjestehus......

Nytt sengetøy, ventar gjestar!

Nytt gjesterom skal innviast ;)

Ein heim skal lukta gjærbakst..... ofte!



Gjestane våre besøker våre vener...



Påfyll!





Felleskap på glatte svaberg ;)





Det BESTE som finns!





Ei viktig påminning...








10000 TACK møtte meg på trappa då eg kom heim....







Gjestane reist, prikkane vaska..









Det er inspirerande å venta gjestar! Då blir det vaska og rydda....og når gjestehuset skal innviast, er det ekstra gøy når det plutseleg dukkar opp sengetøy.....som bestillt til vårt prikkete rom.....Det er fint å ha ferie i heimen, med gode vener som gjestar!

onsdag 12. august 2009

Ei feriereise utanom det vanlege....


Ei stor oppleving, å vera i bryllaup til vener i Sarajevo!


Klar for kortesje .....


Lykkedagen!

Detalj av brudekjolen.....til Askepott....




Krigsminnesmerke over dei uskuldige borna..




Dei ekte draktene... eg har sydd 17 slike....







Sandalar på brustein.



I ei anna verd... 40 grader....



Ekte bosnisk kaffi er godt!







Mange bruer i gamlebyen.









Kelimteppe og vesker..












Ikkje vanleg utvalg..









Hovedgate i Sarajevo........













Kvinner ved moskeen.....











Ein moske i Sarajevo..
















Vårt første møte med kulehola....












Sarajevo.Bosnia Herzegovina. Hovedstaden i fjellet.Krigen. Folket me har møtt.. blitt glade i. Invitasjon til bryllaup. Ein annleis og sterk ,flott ferie!