fredag 25. september 2009

Gamle minner i kottet...


Teljekant...så lenge....


Konfirmasjonsskoene mine!






Enkelte over 30 år gamle!





Pampusdans....





Desse vart laga til meg då eg var lita jente (før 8 år )




Ein fin pampusfamilie.




Burde vera enkelt å få denne ut av huset?




Alle har me vel kott å rydda ting vekk på. Kan ikkje ha minnene ut av huset enno.... Så går åra. Kvar gong me er innom kottet, ser me , og minnes. Det er kosleg... men ikkje berre det.... Det er stressande, å ikkje ta ei avgjerd, få rydda opp av og til. Det kjennes innvendig når du endeleg har fått ting... gamle ting ut.... til gjenbruk, eller til andre som kan ha glede vidare av det. Det krev berre litt overskudd.......

tirsdag 15. september 2009

Veninnefelleskap ei gåve!

Praktfullt!

Ein ubeskriveleg dag i september.

God stemning!



Tid for prat og kvile.



Lett å gå høgt over tregrensa.

Fabelaktig!




Tre ivrige fotoveninner!



Under soppen.

Meisterverk!



Rikeleg med vatn!





Terapi.



Drama.


Balansetrening.

Plankekjøring...


Ei helg på hytta i fjellet, fire veninner. Det set godt i kroppen, lenge. Foto, turar i sol, vind og regn, Latter! Mykje latter, ikkje alt er eigentleg å le av, heller grina av, men det er kjekkare å le.... Djupe gode samtalar, er ei gåve.