Lita jente i hengekøy.
I over tjue år har me vore så heldige. Feira i godt venelag, som har utvida og utvikla seg. Stadig nye blir lagt til det store gode felleskapet hjå vener som stiller med den store idylliske eigendomen til leik og spel i midtsommarkvelden. Her er barn og vaksne., og ulike dyr.
Slengdisse, kunst, fellesspleisebord med alltid mykje godt for ganen. Og så bålet. Varmen når det blir kjøleg. Praten. Me knyter gode band. Me treng kvarandre, og gode opplevingar. Heilt gratis, fyller me på og gjer oss glade og fornøygde.Me er priveligerte,ja, men søkjer og bevisst kva me fyller tida vår med.Det er stort når me som foreldre opplever at dei vaksne jentene våre kjem tilbake.... vil ha dette med seg, som dei har vakse opp med.