søndag 21. juni 2009

Midtsommar.














































Når været er på vår side er det vakkert ved midtsommar! Så vakkert at sova, nei berre litt, vera inne, nei berre litt.... Vera ute, med gode vener eller åleine,JA! Det er med på å lada batteria, eller minneboksen om du vil.. Dei gamle løene er litt triste der dei står, om det ikkje er dyr eller anna innhald I denne løa, er det begge delar....og folk, som kom denne vakre midtsommarkvelden, og fekk ein forrykande konsert med latinamerikanske songar, ei stor oppleving. Også vare kjærleiksviser, norske,og svenske. Vakkert, stemningsfullt. Me fekk og nydeleg servering ute i sommarkvelden, heimelaga flatbrød,lefser,bollar....Me gjekk lukkeleg heim ;)
















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar