søndag 18. mars 2012

Hageskulptur.

Utgangspunktet, funnen på gjenbruk.. kr 35..

Blomstertape gjer den muleg å kle.. den er klebrig.

...så yndlingsmaterialet mitt: mose

Skulle du sett!



For eksempel....

Ville berre visa at den enno er muleg å bruka som lysestake, men eg vil ikkje det... dennne skal vera ute i vind og vatn i hagen min...eller hjå den som kjøper den etter inspirasjonskvelden på NMS gjenbruk er over... Eg og to andre aktivitørar skal vera inspiratorar..


Den kan pyntast om, til einkvar anledning og årstid! Eg er godt fornøygd!

Ikkje kast!

Eit gamalt vinstativ til vegg... mon tru om ikkje....





Planen er klar ....





.............og resultatet nett som eg hadde tenkt det skulle bli, eit fruktfat til hagebordet no til våren !

fredag 2. mars 2012

Eg kom i mål!

Skal tru.. om eg greier få til å dekka denne.. og bruka den slik eg har ein ide om...


Lyshaldarane vil eg skjula



Ja! Eg greidde det! Godt fornøygd, og hagen sin aller første vårdekorasjon i år.

mandag 20. februar 2012

Toilette


Eit pittelite handkle til gjestane var det eg kom heim med i dag ..
frå Gjenbruk . Brukar den som duk eg ;)

torsdag 16. februar 2012

Gjenbruk.




Du kan finna mykje spennande på Gjenbruk og Fretex.
Eg er i prosessen.... korleis vil eg bruka denne ? Den skal
få stå ute i regn og vær og bli rustikk. Eg likar det.
Har mine tankar og idear.... må berr la dei modna seg litt.


lørdag 4. februar 2012

Fargar i snø.














Det er ikkje ofte eg går tur utan kamera over ryggen. Heller ikkje i dag. Veit aldri kva som fangar min oppmerksomhet. I dag vart det dette.

fredag 3. februar 2012

Draumen om Sonja Hennie....






Hugsar du Sonja Hennie, skøytedronninga ? Då er du ialle fall 50 ;) Det var nok ho som låg i bakhovudet... då kunstløpskøyter stod på ynskjelista.. Eg vart lukkeleg eigar.. og det var berre å gå i gang. Det var is på den tida om vintrane.. og vatnet var innan rekkevidde. Fekk alvorlege advarsalar med på vegen.... elvemunningane... Hugsar isen lagde skumle drønn... han fraus då vart det sagt...og det kom store sprikker....nedover. Eg snubla og eg datt(sjå skotuppane) .. og vart meir enn iskald..og aldri skøytedronning av betydning. Eg hadde det kjekt.. fekk herlege minner... og konkurransemenneske har eg aldri vore.No prydar og minner dei meg ...om svunnen tid. Ser ikkje ikkje bort frå at dei kjem til å pryda mine unedersottar att.... om berre isen er tjukk nok...