lørdag 28. mars 2009

Aktiv dag;)

Som om det er noko uvanleg her hjå meg? Langtifrå...Det er fantastisk med slike dagar. Det svingar. Ikkje alle dagane mine er like mykje fres i lenger.. Min kjære mann har forsiktig prøvt å nevna at eg ikkje er like ung som før, at det kanskje vil merkast på farten..... Det var faktisk slik at eg måtte stoppa opp og tenkja over det. Han har rett. Det har berre kome snikande.... litt på litt, som mi gode glade bosniske veninne sa ;) Det erlitt underleg å tenkje på , at det er slik det er, også for meg... Eg som alltid har fått unna så mykje på kort tid og hatt mykje overskudd att, har det ikkje kvar dag slik lenger.... I dag, var det slik... Før kl 12 i dag lukta det sjokoladekake i huset her! I frysen er no påskekaka tryggt plassert, med reir og egg i gult , orange og kvitt! Det er til mine kjære som blir heime, og eg er på andre sida av kloden!Fast tradisjon den kaka. Eg er og har alltid vore oppteken av å laga stemningar, tradisjonar,markere kvardag og helg, høgtider.

Eit liv utan markering av helg og kvardag blir eit stussleg og einsformig liv synes eg. Me treng helg og høgtid. Fine dukar lys, bordpynt,god mat, gjestar, eller berre oss sjølv.Stryk me dette frå liva våre,blir me fattige.

Gravene til svigermor mi og far min besøkte me i ettermiddag. Svigerfar er på sjukehus. Me lurar på kor lenge det er til me har tre å gå til.Me sender mange sukk opp om at han må leva til me har fått vore i Korea i påska! Dette vart litt for spennande.Far min si grav var sletta. Det var litt underleg å koma der i dag. Eg fann ikkje att grava... navnet var flytta til midt på dobbeltgrava. Det er slik det blir gjordt, men det føles litt ubehageleg at alle kan gå på grava hans etterkvart...Det går greit....

Me hadde "earth hour" i heimen mellom kl 20.30 og 21.30!Me har ansvar for kloden alle. Me treng stadige påminningar! Spontant vart det bestemt, og mørkt vart det. Og stille! Nydeleg!Dan Børge fekk showet utan oss som passive sjåarar. Eg er glad i stillhet. Levande lys. Småprat eller lesestoff. Det gror veldig lite kreativitet ut av kveldar framfor skjermen. Kreativitet må ha rom og tid, for å poppa opp.

Jammen har eg malt eit gammalt kontorskap svart i ein fart og i kveld! Svart er eg veldig svak for... Lakkmaling. Knalltøfft blir det. På sjukeheimen skal det tena til radio, og musikkskap for den knase mora vår. Ho har eit heimsleg rom. Det er verkeleg vårt. Me lukkar resten av den verda ute når døra blir lukka. Me har gjordt til vårt krypinn. På badet har ho ein stileg svartmalt kommode. Diverse pynt på den, det gjorde seg skal eg sei deg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar