mandag 30. mars 2009

Stigande reisefeber....











Me er i pakkemodus...Ser på langtidsvarslet i Ceoul! Det ligg på rundt 10-15 grader. Ein koffert rommar ein del, men bør ikkje vera for full nedover. Dei er strenge på vekta seies det... Me skal bu på femstjerners hotel. Me vil vera fine. Helst heile tida, kvar dag;) men det skulle vel ikkje by på problem? Me er meir enn heldige. Skal få oppleva dette!No må me ikkje bli sjuke... det lurar kvalme her.....Notusvirus? Nei takk! Det skal bli godt å koma igang no... me har gledd oss og venta lenge....

søndag 29. mars 2009

Nymalt!
















Litt stemningsbilder frå det som går føre seg i garasjen! I dag har eg innimellom vore der, med litt påskepynt, og nytt denne dagen .Sjå kor fine dei nymala skapa vart!( det svarte skal få eit strøk til ;) i morgen. PÅ sjukehuset går det betre... PUH! det er spennande dette før ,eller om me set på flyet. Ser ut til å gå rette vegen med svigerfaren ;)Han er no klar te fara, siere han. Han er ein tolmodig snill mann.No skal eg til å fylla litt i den flotte nye kofferten me kjøpte fredag ;) Det er livet! Ungdomen har vore heimom, og vist meg korleis eg får bilda inn i innlegget ;)Dette har fin framdrift!

lørdag 28. mars 2009

Aktiv dag!


Som om det var uvanleg! Nei, men ikkje alltid lenger, som før, men oftast enno.... Min kjære mann er forsiktig av seg, men han har nevnt noko slikt som at eg er ikkje heilt ung lenger, når eg har klaga på at eg er trøytt! Han har rett, men det må nok ta mykje lenger tid før eg innser det.... Det kjem snikande, skal eg fortelja deg som enno ikkje veit.. "Litt på litt" som mi glade bosniske veninne seier..... Før klokka var 11 i dag lukta det sjokoladekake her i heimen....Og som du kan sjå, er reiret på plass, tradisjonen tru.... Eg er glad i, og har tru på tradisjonar. Kvardag og helg. Me treng det. Me lurar berre oss sjølv om me ikkje bryr oss med det. Gå ut av tredemølla. Inn i dagar med anna innhald. Dagar med høgtid, fest, eller berre vanleg søndag. Duk, lys, blomster. Litt annleis. Litt finare. Ikkje for det, har sansen for det heile veka og, men det skal vera forskjel. Eg har mala eit stygt gamalt kontorskap. Lakkmaling.Svart. Knalltøfft. Eg er veldig glad i svart. Kommoden er alt kome i bruk. Badet til mor mi på sjheimen du veit, på hybelen ho har der. Eller hola vår. Ja, den er vår. Ber preg av at folk lever der. Med balkong, sol heile dagen" Luksus.
To graver er stellt i dag og . Godt å vera på gravene.
Spontant hadde me "earth hour" her og i kveld. Me kan alle gjera vårt. Me må det!Det vart ein herleg kveld,med stillhet, prat og høgtlesing Tema :sorga når ungane flyttar ut. Kvifor er det så få som snakkar om den?Til alt overmål var det ein far somskreiv og illustrerte boka som var omtala i bladet "Det gode liv" Anbefalar det bladet!
No har eg ein time mindre å sova på,for i natt går me over til sommartid att ,men det får gå sin skeive gang. Søv middag i morgon heller.... det likar eg!!!! Sommartid er og ein god ting! God natt alle mine vener!

Aktiv dag;)

Som om det er noko uvanleg her hjå meg? Langtifrå...Det er fantastisk med slike dagar. Det svingar. Ikkje alle dagane mine er like mykje fres i lenger.. Min kjære mann har forsiktig prøvt å nevna at eg ikkje er like ung som før, at det kanskje vil merkast på farten..... Det var faktisk slik at eg måtte stoppa opp og tenkja over det. Han har rett. Det har berre kome snikande.... litt på litt, som mi gode glade bosniske veninne sa ;) Det erlitt underleg å tenkje på , at det er slik det er, også for meg... Eg som alltid har fått unna så mykje på kort tid og hatt mykje overskudd att, har det ikkje kvar dag slik lenger.... I dag, var det slik... Før kl 12 i dag lukta det sjokoladekake i huset her! I frysen er no påskekaka tryggt plassert, med reir og egg i gult , orange og kvitt! Det er til mine kjære som blir heime, og eg er på andre sida av kloden!Fast tradisjon den kaka. Eg er og har alltid vore oppteken av å laga stemningar, tradisjonar,markere kvardag og helg, høgtider.

Eit liv utan markering av helg og kvardag blir eit stussleg og einsformig liv synes eg. Me treng helg og høgtid. Fine dukar lys, bordpynt,god mat, gjestar, eller berre oss sjølv.Stryk me dette frå liva våre,blir me fattige.

Gravene til svigermor mi og far min besøkte me i ettermiddag. Svigerfar er på sjukehus. Me lurar på kor lenge det er til me har tre å gå til.Me sender mange sukk opp om at han må leva til me har fått vore i Korea i påska! Dette vart litt for spennande.Far min si grav var sletta. Det var litt underleg å koma der i dag. Eg fann ikkje att grava... navnet var flytta til midt på dobbeltgrava. Det er slik det blir gjordt, men det føles litt ubehageleg at alle kan gå på grava hans etterkvart...Det går greit....

Me hadde "earth hour" i heimen mellom kl 20.30 og 21.30!Me har ansvar for kloden alle. Me treng stadige påminningar! Spontant vart det bestemt, og mørkt vart det. Og stille! Nydeleg!Dan Børge fekk showet utan oss som passive sjåarar. Eg er glad i stillhet. Levande lys. Småprat eller lesestoff. Det gror veldig lite kreativitet ut av kveldar framfor skjermen. Kreativitet må ha rom og tid, for å poppa opp.

Jammen har eg malt eit gammalt kontorskap svart i ein fart og i kveld! Svart er eg veldig svak for... Lakkmaling. Knalltøfft blir det. På sjukeheimen skal det tena til radio, og musikkskap for den knase mora vår. Ho har eit heimsleg rom. Det er verkeleg vårt. Me lukkar resten av den verda ute når døra blir lukka. Me har gjordt til vårt krypinn. På badet har ho ein stileg svartmalt kommode. Diverse pynt på den, det gjorde seg skal eg sei deg!

onsdag 25. mars 2009

Plutseleg dukka minner frå barneåra opp...








Frå eg var 2, til eg var 8 år, budde eg her, med ein hage som romma 70 fruktrær... Dette treet står enno, og var det som var aller mest spesielt i smaken.

Eg kan ikkje vera ute meir enn til og frå nødvendige mål.No er det halsen som er problemet...og hosten.... ;) Måtte i post og bank . Skal snart ut og reisa, og alt må vera i orden, noko som viste seg ikkje å vera, så no er eg litt oppkava, endå så god tid banken har hatt...Me må tru dei rekk å gjera det dei skal i tide! Eg har ein plan om å mala eit strøk kvitmaling på eit av dei første furuskåpa me kjøpte Terje og eg, i 1980 ;) 2000 kr for 29 år sidan! Det blir veldig fint og forandra, me hadde to, og det andre vart måla i fjor. Garasjen er vårt nye "reir" og skal no få innstallert straum, vedovn, og skap for gjestesenger på hjul!Der er så kosleg, og ungdomane våre har brukt det mykje .Kva skal dei med straum og vedovn?(litt varme har dei no hatt )
Sende like godt ein bukett tulipanar og brev til mor mi, som enno er isolert og får besøk av folk med munnbinn og det som er, når smitte er i lufta..... Det høyres ut som om ho er på bedringens veg i dag.... Les BT og synes det er stileg at handverket som far min livnærte oss med, blir i tide teke vare på. Dei to Fossesmedane, Johs H og Johs I som er pappa si næraste slekt, gjer ein storleg innsats der. Eg er stolt over dei! Eg hugsar godt familiebedrifta der bestefar, onkel, far og søskenbarn (Johs I ) arbeidde. Eg høyrer slaget frå den elektriske hammaren. Hugsar den trygge, glade, leikande stemningen det var på arbeidsplassen deira, karane som alle hadde bruk for, til reparasjonar av ulike reiskap...Ubeskriveleg å vera lita jente på Fosse. Eg var ferdig med første klassen , den sommaren me flytta til Nedre Sagstad. Eg grein, og lengta. Gjekk over åsen heim til bestemorhuset ved smia. Hoppa tøff som eg var over ein hoggorm på vegen, eg gjekk berre i badedrakt, var åleine.....Snakkar meg om gamle dagar! Kor gamal er eg? Men at eg hadde ein fabelaktig barndom, det er i alle fall sikkert! Gull verd!

mandag 23. mars 2009

Virusa...











Dei herjar med meg og mora mi, på ulikt vis,desse virusa. Eg er heldigvis ikkje isolert....forstår godt at ho blir forarga......Dagen i dag smilte vårsmilet ute. Inne her grylte eg som ei løve frå tid til anna....Det er veldig lenge sidan eg har vore sjuk... Faktisk godt å la kroppen skulle ta det med ro.. Der gjer eg ikkje alltid nemleg..........Mange gode timar med og utan søvn i senga.Seinare har eg svinga strykejernet, på klær som skal få vera med meg.......Det likar eg. Spreide dei utover ei stor seng... lage kombinasjonar, smykker, sjal, sko.... Men eg skal ha plass heim att og.... Skal tru kva eg kjem att med? Eg likar ikkje suvenir. Eg vil ha noko spesielt. Veit dei har Jadestein i Korea. Det blir nok noko å smykka meg og andre med er eg ganske sikker på. Gler meg til å fotografere! Må ha med ei ekstra minnebrikke med stoor kapasitet. Eg er svært glad i å fotografere. Ein av mine måtar å skape på. Det, klær,og blomster, då er eg lukkeleg.Ja mykje meir og... Mennesker. Ærlege, modige, som vågar sleppe innsida ut. ikkje vera perfekte, men visa følelsar. Det er viktig å vise følelsar. Eg har tenkt mykje på det å vera ein sterk personlighet i dei siste vekene."du er ein sterk personlighet" Eg pleier vera kjapp. Ikkje denne gongen. Kva låg i dette? Positivt eller negativt lada? Eg valde det første.Har undra meg og utfordra andre på tema. "Skulle gjerne vore litt meir som deg....våga sei frå..... me veit kvar me har deg!" Takk til ein god støttespelar.Ein får seg nokre nasestyvarar innimellom, men eg kan ikkje la vera å meina noko av den grunn.... Eg kjenner eg vert meir og meir vaksen, men slik trur eg eg alltid har vore. Visst og sagt kva eg meiner.Det er visst skremmande for enkelte?

søndag 22. mars 2009

Virus i heimen....men i hagen..







Mitt første innlegg. Eg er så forkjøla som eg ikkje har vore på fleire år.... Ute er det haglekavar, men hagen min gjev meg godt mot....Der lyser det i julerose, krokus og snøklokker, vårlyngen i lilla passar perfekt inn til det heile. Får tid til å tenkje og planleggje , i morgon må eg melda pass på jobb, kan ikkje utsetje min vener der for denne sykja....Tirsdag skal eg på eit spennande i kurs i Bergen om musikkterapi brukt til eldre, med legen som har forska på alternative smertelindringsmetodar(musikk).Onsdag skal eg ha foredrag på Osterøy pårørandeskule, men det spørs.....ein foredragshaldar som hostar og nys er vel ikkje det heilt store.....det er synd, eg likar svært godt å halde foredrag om tema demens, sett ut frå ein pårørande sin ståstad.



Det er fint å vera heile fam heime ein søndag, og min kjære er den som lagar middag, han er flink skal eg sei!



På sjukeheimen i Meland herjar eit anna virus, mor mi er den første som i dag har fullt utslag.. fått telefon om å ikkje besøkje ho, den er svært smittsam, så den er grei....



Gler oss stort til palmehelga, då er er nok symtomfri, og set kursen mot Sør Korea!!!!!!!Maria og eg skal ha 14dg saman med Kari og hennar foreldre. Ho gler seg til me skal få oppleva fødelandet hennar!