onsdag 19. desember 2012

Jul ute!


 Eit STORT prosjekt er klart..




 Heldige meg som har ein diger tom vegg ute..



Detalj.

Godt fornøyg. Akkurat slik var det eg tenkte :)

GOD JUL!!!!!!

lørdag 6. oktober 2012

Sol og mose= lukke !



                                              Likar det grove eg.Mose har me rikeleg av... for eit materiale !

                                         Når sola attpåtil strålat over arbeidet mitt... då er eg lukkeleg.

søndag 13. mai 2012

Byggjeskikk.


                                     Me observerer byggjeskikk... på søndagstur... eit nytt
                                     hus er under planleggjing. Likar / er opptekne av å ta
                                     vare på vår eigen tradisjon.


                                                       Dør på kortsida....
                                             



                                                         ... eller som her ?????????




                                          Skifer på taket i alle fall....




                                                        Er du i tvil ? Ja, det er vestlandet :)

onsdag 18. april 2012

Fantastisk materiale!

Det er ikkje noko som gir meg meir ro og begeistring som ein vårdag i hagen min Hagen ligg i kanten av utmarka. Fuglane arbeider ivrige med sitt .. og let høyra frå seg..
Eg er glad i å arbeida med bjørk. Dette vart dagens resultat. Eigentleg likar eg ikkje kunstige blomster. Likevel må eg innrømma at dei no er så nært opp til det ekte at eg kan av og ta dei inn mellom det levande materialet. Dette skal eg bruka i arbeidet mitt. Då kan det vera greit at dei ikkje må vatnast. Så byter eg dei ut innimellom...gjerne med levande blomster... i små reagensrør for eit øyeblikk..



Rykande fersk bjørk og krans..



Trudde ikkje nokon brukte lysmansjettar lenger...
desse er nyleg kjøpte til dette formålet..

Her er dei kome på plass.


Ikkje heilt fornøygd. Skal ta att dei nederste. Litt for mykje ring.



Men fint ?


søndag 15. april 2012

Litermålet.

Må sei eg har sterke følelsar for dette litermålet... som har vore ein del av reidskapen på kjøkkenet i barndomens rike. No er det forfremma.. men kan sjølvsagt takast i bruk kva tid som helst..

fredag 30. mars 2012

Gule sitroner..



Hei! Nokon har gått skoen av seg ?

Eit tema for samtale ;)





Tenk så heldig eg er... å ha arbeid med ein sansehage...
Ingen tvil her.. kva årstid ?




søndag 18. mars 2012

Hageskulptur.

Utgangspunktet, funnen på gjenbruk.. kr 35..

Blomstertape gjer den muleg å kle.. den er klebrig.

...så yndlingsmaterialet mitt: mose

Skulle du sett!



For eksempel....

Ville berre visa at den enno er muleg å bruka som lysestake, men eg vil ikkje det... dennne skal vera ute i vind og vatn i hagen min...eller hjå den som kjøper den etter inspirasjonskvelden på NMS gjenbruk er over... Eg og to andre aktivitørar skal vera inspiratorar..


Den kan pyntast om, til einkvar anledning og årstid! Eg er godt fornøygd!

Ikkje kast!

Eit gamalt vinstativ til vegg... mon tru om ikkje....





Planen er klar ....





.............og resultatet nett som eg hadde tenkt det skulle bli, eit fruktfat til hagebordet no til våren !

fredag 2. mars 2012

Eg kom i mål!

Skal tru.. om eg greier få til å dekka denne.. og bruka den slik eg har ein ide om...


Lyshaldarane vil eg skjula



Ja! Eg greidde det! Godt fornøygd, og hagen sin aller første vårdekorasjon i år.

mandag 20. februar 2012

Toilette


Eit pittelite handkle til gjestane var det eg kom heim med i dag ..
frå Gjenbruk . Brukar den som duk eg ;)

torsdag 16. februar 2012

Gjenbruk.




Du kan finna mykje spennande på Gjenbruk og Fretex.
Eg er i prosessen.... korleis vil eg bruka denne ? Den skal
få stå ute i regn og vær og bli rustikk. Eg likar det.
Har mine tankar og idear.... må berr la dei modna seg litt.


lørdag 4. februar 2012

Fargar i snø.














Det er ikkje ofte eg går tur utan kamera over ryggen. Heller ikkje i dag. Veit aldri kva som fangar min oppmerksomhet. I dag vart det dette.