lørdag 7. februar 2009

Jess!! I love you!

Er det ikkje det du pleier å sei, mamma? Tomlane opp for deg, og gratulerar med morsdagen! Du har gjort ein fabelaktig jobb i snart 23 år, eg kunne ikkje fått ei bedre mor. (Maria e nok enig, men dette innlegget e jo frå meg til deg.) 

Håpa at eg skulle få til nåke meir enn ein blomst og eit kort i år. Det var då eg kom på det - på jobb. Mamma ønsker seg ein blogg!! Det kan ho få. Vil ho ikkje ha den, e jo presangen enkel å slette! Eg har gjort litt i startfasen for deg, og no e du på nett. Me får ta det steg for steg, så skal du berre sjå at det vert blogging med både overskrift, innhald og bilder til slutt. Kanskje du til og med skal bestemma utforming sjøl på vevloggen din? Du treng ein ny tittel etter kvart òg. Denne ungdommen, denne ungdommen. Me får da no te, alle desse tekniske greiena. No er det din tur - og med tida skal du berre sjå at du vert hekta!

Takk for det store morshjertet ditt, du fortenar minst ein dag i året som e meir din enn vår!

-Elektronisk klem frå Storamore, ho som e snytt ut or naso di.



1 kommentar:

  1. Hei Inger.
    Gratulerer med blogg. Du er jammen moderne. Kanskje fleire skulle få det...??? Eg må spørje mi datter...

    SvarSlett