søndag 22. mars 2009

Virus i heimen....men i hagen..







Mitt første innlegg. Eg er så forkjøla som eg ikkje har vore på fleire år.... Ute er det haglekavar, men hagen min gjev meg godt mot....Der lyser det i julerose, krokus og snøklokker, vårlyngen i lilla passar perfekt inn til det heile. Får tid til å tenkje og planleggje , i morgon må eg melda pass på jobb, kan ikkje utsetje min vener der for denne sykja....Tirsdag skal eg på eit spennande i kurs i Bergen om musikkterapi brukt til eldre, med legen som har forska på alternative smertelindringsmetodar(musikk).Onsdag skal eg ha foredrag på Osterøy pårørandeskule, men det spørs.....ein foredragshaldar som hostar og nys er vel ikkje det heilt store.....det er synd, eg likar svært godt å halde foredrag om tema demens, sett ut frå ein pårørande sin ståstad.



Det er fint å vera heile fam heime ein søndag, og min kjære er den som lagar middag, han er flink skal eg sei!



På sjukeheimen i Meland herjar eit anna virus, mor mi er den første som i dag har fullt utslag.. fått telefon om å ikkje besøkje ho, den er svært smittsam, så den er grei....



Gler oss stort til palmehelga, då er er nok symtomfri, og set kursen mot Sør Korea!!!!!!!Maria og eg skal ha 14dg saman med Kari og hennar foreldre. Ho gler seg til me skal få oppleva fødelandet hennar!

1 kommentar:

  1. Dette var goa greier, Inger. Du fekk det til - berre med nokre startkablar, tenkjer eg.
    Fine bilete hadde du og. Eg har ikkje "besøkt" blomane i bedet enno, men eg har registrert at snøklokkene og krokusen står fint.

    SvarSlett