onsdag 25. mars 2009

Plutseleg dukka minner frå barneåra opp...








Frå eg var 2, til eg var 8 år, budde eg her, med ein hage som romma 70 fruktrær... Dette treet står enno, og var det som var aller mest spesielt i smaken.

Eg kan ikkje vera ute meir enn til og frå nødvendige mål.No er det halsen som er problemet...og hosten.... ;) Måtte i post og bank . Skal snart ut og reisa, og alt må vera i orden, noko som viste seg ikkje å vera, så no er eg litt oppkava, endå så god tid banken har hatt...Me må tru dei rekk å gjera det dei skal i tide! Eg har ein plan om å mala eit strøk kvitmaling på eit av dei første furuskåpa me kjøpte Terje og eg, i 1980 ;) 2000 kr for 29 år sidan! Det blir veldig fint og forandra, me hadde to, og det andre vart måla i fjor. Garasjen er vårt nye "reir" og skal no få innstallert straum, vedovn, og skap for gjestesenger på hjul!Der er så kosleg, og ungdomane våre har brukt det mykje .Kva skal dei med straum og vedovn?(litt varme har dei no hatt )
Sende like godt ein bukett tulipanar og brev til mor mi, som enno er isolert og får besøk av folk med munnbinn og det som er, når smitte er i lufta..... Det høyres ut som om ho er på bedringens veg i dag.... Les BT og synes det er stileg at handverket som far min livnærte oss med, blir i tide teke vare på. Dei to Fossesmedane, Johs H og Johs I som er pappa si næraste slekt, gjer ein storleg innsats der. Eg er stolt over dei! Eg hugsar godt familiebedrifta der bestefar, onkel, far og søskenbarn (Johs I ) arbeidde. Eg høyrer slaget frå den elektriske hammaren. Hugsar den trygge, glade, leikande stemningen det var på arbeidsplassen deira, karane som alle hadde bruk for, til reparasjonar av ulike reiskap...Ubeskriveleg å vera lita jente på Fosse. Eg var ferdig med første klassen , den sommaren me flytta til Nedre Sagstad. Eg grein, og lengta. Gjekk over åsen heim til bestemorhuset ved smia. Hoppa tøff som eg var over ein hoggorm på vegen, eg gjekk berre i badedrakt, var åleine.....Snakkar meg om gamle dagar! Kor gamal er eg? Men at eg hadde ein fabelaktig barndom, det er i alle fall sikkert! Gull verd!

4 kommentarer:

  1. Her må eg visst kommentere sjølv! Får ikkje til å redigere skrivefeila mine.... Munnbind, munnbind munnbind..... Legg eit lite egg.....
    Har sendt desse bilda til Vestlandsrevyen like godt, og skape er nymala ;)

    SvarSlett
  2. Hehe *ler* ... grattis med blogg ... gleder meg til å følge med :)

    Kristine

    SvarSlett